Rolland
Posta søndag 23. september 2012 klokka 19:46:
Tida går så altfor fort og hendene er alltid fulle med eit eller anna Smil
Bilete 1No e da 5 månader sia eg har hatt tida til å sette meg ned for å skrive her på bloggen vår. Tida går så altfor fort, kvardagen er full med så mykje ymse og dagane går som ei tredemølle i full fart. Line Mathilde er allereie blitt 7 månader og er ei solstråle dagen lang. Etter ei travel småbarnstid med mykje magevondt for lille tulla og trøtte foreldre har kvardagen byrja å sjå lysleg ut.

Vi har no flytta til Nesttun i vårt fine «hus» i kjekke omgjevnader og eit barnevennleg nabolag Smil Her trivast vi kjempegodt, STILLE og FREDLEG er det, UNGE og SPREKE naboar i godt og vel same alder som oss, UNGA rundt oss som lager liv, latter og barnerop, kjekke vennskaps-/naboforhold bygger vi og sjølve miljøet/området rundt er fantastisk ut frå føresetnadane vi hadde Smil Vi har no budd her i 2 månader og har gjort litt ymse innvendig med riving av vegg, oppsetting av tilpassing av vegg, male, male, male…. Ja og atter male. Så det har vore kjekt da, men ufatteleg keisamt er da i lengda Smil Gler meg til den dagen eg er ferdig med den epoken Smil

Line Mathilde med sine 7 månader er vårt lille solskin dagen lang. Kvar ein dag vaknar vi til pjatt og ei jente som stråler opp som dagens solskin. Gjennom dagane kosar ho seg på golvet i aking, rulle rulle, gnisse på leker, på mamma og pappa sitt fang til å hoppe i «jumperoo» karusellen sin Smil Kvar tysdag er det babysymjing som vi også nett har begynt på og det er sååå gøy. Her går det frå plask plask, til symjing, til hopping til å dukke under vatn ilag med andre barn og foreldre på Vannkanten Smil Absolutt til å anbefale Smil Sidan 5/6 mnd alderen starta Line Mathilde med middagsmåltid. Dette er noko ho elskar. Men heimelaga måltid er nok det som skal til. Så vi må diske opp med alt ifrå fiskegrateng til kjøttkaker m.m. kvar ein dag (sjølvsagt nedfryst i porsjonspakkar frå frysen) Smil Graut er fortsatt ein stor favoritt.

Bilete 215. september fikk også Line Mathilde si første tann. Dette er sjølvsagt ein milepæl i seg sjølv Smil Søt lita tann veks ut nede og framme i munnen. Så no er da gnage gnage tid. Og med det er brød med leverpostei introdusert foreløpig, der skorpen er så god til å gnage på. Er ikkje så mykje som går ned i denne magen, men tannebissane/tannkjøttet blir iallefall stimulert.


Sidan 6. august starta eg opp att i jobb i Espira Rå på same avdeling som eg var før etter 6 månader i permisjon. No er Bjarte heimeverande pappa med Line Mathilde. Dette har fungert svært så godt. Rastlause meg har fått litt variasjon i kvardagen (der eg sjølvsagt gler meg kjempemasse til å komme heim att til vetla mi) men så har Bjarte fått prøvd seg på korleis det er å vere heime med ei aktiv jente som treng ein 24 timar i døgnet og eit hus som GJERNE skulle blitt vaska, støvsuga, klesvask som hopar seg opp, handling, ærend og middag som skal lagast m.m. Å bytte og dele på rollene trur eg nok er sunt Smil Pappapermen varer til 21. januar Smil Då skal Line Mathilde byrja i barnehagen. Tidleg, men samfunnsstyrt der økonomien styrer av det meste om ein har råda til noko meir permisjon eller ikkje.

No er hausten her og kulda nærar seg. Snart er da jaggu meg jul. Jula har allereie kome i butikkane. Det er skumle greier, blir stressa av tanken. Jaja, sånn går no dagan! Fleire bilete frå dei siste månadane kjem litt seinare Smil
Posta søndag 23. september 2012 22:47:
160
Anne Ingeborg hadde følgjande kommentar:
Rune dei har jo eigentleg da. Vi skulle jo spleisa på ein Bungee trampoline. Noko alal dette http://www.bungeetrampoline.com/ der ein brukar strikkhopp på trampisen. Det hadde vært kjekt å hatt i hagen!! Smil Ein tilnnerma vaksenutgave av jumperrooen Tunge
Posta søndag 23. september 2012 22:07:
159
Rune hadde følgjande kommentar:
Nydelig jente dere har fåttSmil Vet du om man kjøpe " jumperoo" i voksen størrelse også?? Tunge
Posta søndag 23. september 2012 22:04:
158
Farmor hadde følgjande kommentar:
Ja,tida har mest gått for fort, men me er heldige og ny tid komme mot oss heile tida

Line Mathilde er vårt tredje barnebarn,og me er kjempemasse glad i henne (som òg dei to søskenbarna). Ei herleg jente som er superkvikk på så mange måtar. Skjønnaste jentå i Bergen! Hjarte

Gler oss til kvar gong me er saman!
[opp til toppen]
Legge til kommentar:

Namn:


Namnet på Noregs konge (med stor H):


Kommentar: