Posta torsdag 2. februar 2012 klokka 21:18:
Dagen i dag har vært en lang og turbulent dag. Men full action frå start til slutt. Dagen har gått i ett, med dei daglege rutinane som ein gjer i ein barnehage ++. Mykje skulle ordnast, mykje skulle skje. Det var ikkje berre meg som merka at dagens stemning var annleis. Populær etterspurt ble eg ofte hanka ut, inn og ståande i prat gjennom dagen. Alle ville ha det siste ”ha det, kommer til å bli dypt sakna og lykke til ynskjer til meg og sprelleline” før tida mi i barnehagen og på avdelinga var over. Koseleg var det, men også trist, rart og veldig overveldande.
Gjennom dagen ”stressa” me med å lage til foreldrekaffi. Både foreldre, søsken og bestforeldre fikk komme på kaffi, kake og saft for en sosial samankomst og til ei siste stund saman med meg, avdelinga og som en koseleg samansetning før eg gir slepp på tilknytinga til både barn, personale og foreldregruppe i eit fantastisk arbeid

Med mykje gode bakster frå foreldra kom foreldra på avdelinga. Me skravla, åt og koste oss saman både store og små

Avdelingas dronning Anita tok til ordet, leverte ut flotte gåver til både ”Lille My” og meg frå mine kjekke, koselege, fantastiske og morsame humørspreiarar av kollegaer med alltid humøret og humoren på topp

Det var overraskande, flott og kjekt å bli satt pris på
Tusen takk for alle gåvene, det var no så altfor masse. Men eg LOVER at alt kjem godt i bruk, så eg er supertakknemlig for kvar einaste liten ting

Spesielt er eg veldig takknemlig for gode vedvarande minner frå ein flott perm eg har fått frå avdelinga med teikningar, bilde og helsingar frå barn og vaksne frå tida eg har vært hjå dykk. Den er gull verdt

Elles har eg fått fantastiske gåver frå både kollegaer, barnehagen, foreldre og barn. Dette syns eg har vært kjempekoseleg og veldig rørande. Eg er super takknemlig for alt eg har fått, helsingar, gode fine ord og det at de har gitt meg ein fantastisk følelse av å være godt likt hjå dykk og ein person de har satt god pris på

Det rører meg
Framover nå skal eg nyte permisjonstida og gjere mest mogleg klart i heimen for at lille tulla skal komme til verda og at både eg og ho skal KOOOSE oss framover i 6 månadar. Eg vil alltid komme innom på besøk til dykk for en titt, for en kos, for å leike med kidsa, for å vise fram sprella og for å kulern på sofaen og sjå dykk jobbar som ”slavar” på avdelinga. Å kommandere er noko eg er flink til

, så ikkje vær redd for at eg ikkje skal gjere da når eg er tilstade. Eg vil nok alltid føle meg som ein liten minisjef for dykk uansett om eg no fysisk forsvinner. No skal eg leve i psyken hos dykk

Håpar det er greitt, om ikkje har de eit problem, hihi. Dei mest aktuelle dagane blir vel fredagane eller hur? Det jo då dei populære sakene ”SMAUGAU” kjem på bordet!
Tusen takk til Anita som har vært ei strålande dronning til å lage til ein flott perm til meg frå de på avdelinga. Eg vett du har lagt masse arbeid i den og det er eg superduper takknemlig for hønemor . Du har også vært sukrande god på å lage og steike gode vaflar til foreldrekaffien vi hadde i dag. Tusen takk Gulistan for ein flott jobb du har gjort med å pynte, stelle i stand og gjort handa på verket for å lage ein koseleg og fin atmosfære på avdelinga til foreldrekaffi. Elles vil eg takke Alexander, Fredrik og Kari for ein flott innsats med passing av kidsa i løpet av ein hektisk og litt stressa dag, med energinivået på topp for alle og ein. Fredrik du har gjort ein skita bra jobb i dag som bleieskiftarbeidar, og lykke til vidare på ferda med dei

No har eg tatt min del, no er tida for at du overtek den rolla
Eg vil tru de alle får ei fin tid framover mot lysare og varmare tider. Eg kjem til å sakna dykk mykje, både liten og stor. Håpar eg alltid er velkommen tilbake om så skulle skje. Lykke til vidare til dykk alle og hugs eg kjem inn på besøk for å plage dykk ein gang inni mellom amming, bleieskift og lek her heime
Nedanfor ligger det koselege bilete av ting eg har fått utlevert i dag av avskjedsgåver og koselige helsingar eg har fått etter eit flott arbeidsmiljø eg har vært ein pitte liten puslebit av

Supertakknemlig

Tusen, tusen takk







Velkommen etter min kjære dingeborg som "eks" merkur boer.( du kan jo komme tilbake om 1 års tid ).Vemodig at du slutter,bedre ansatt finnes rett og slett ikke noen sted.Sier som Anita at forholdet oss i mellom skal taes godt vare på.Kommer nok innom en tur når lille" Runa" (vil ikke gi helt slippe på det navnet..hehe.) er født.Så Anita,du får slepe meg med deg når du skal på besøk

Du er bare helt utrolig vennen

Kommer til å savne deg sånn sinnsykt,bedre arbeidskollega finnes ikke i hele verden

Og du er en helt utrolig knakkanes kjekk veninne, som jeg håper på å få følge på resten av livet

Du er som en kjær søstermor som jeg er blitt så utrolig glad i

Kommer snart på besøk, selvfølgelig når det passer dere

Masse klemmer fra Anita hønen