Rolland
Posta tysdag 31. januar 2012 klokka 19:26:
Fødselskurs tirsdag 24 januar - 2012
I dag var det tid for fødselskurs for både meg og Bjarte, saman med andre par som er nær fødsel. Dette har me sett fram til og gleda oss til lenge i spenning på korleis dette skulle være. Saman møtte vi opp på Oasen helsestasjon saman hos jordmora vi går til. Her traff vi tre andre par også. Damene kjente eg igjen frå ammekurset, men denne gangen hadde dei også med seg mannfolka sine. Så det var jo kosligt å ha litt mannlige hormonar inn i bildet også. Vi skulle eigentleg være fleire par men de hadde avbestilt kurset. Så på eit lite intimt psykologkontor fant vi oss til rette denne gangen i ein sofa, spent på kva som skulle skje Smil

Til å byrje med snakka jordmora litt om kva vi skullle bruke tida på (samtale, innspill og spørsmål og litt for å vise korleis barnet kommer ut av kvinnens underliv). Til å starte med fikk vi som par diskutere kva vi lurte på, og fikk satt opp ei undringsliste med spørsmål Smil Denne gikk vi ut frå gjennom hele kurset, Nedenfor skriv eg opp kva vi gikk igjennom ved førdselskurset vi hadde Smil Dette er jo kjekke notater for både meg å ha i ein glemsk og hormonell fødselssituasjon og i kommande ammetåke. Samtidig for evt. andre som intreserer seg for litt informasjon Smil I tilegg til mykje diskusjon fikk me demonstrasjon av barnets utgang av bekkenet/underlivet ved hjelp av dissa fantastiske dukkene som alle dreg fram Smil

FØDSEL
Fødselen er avsluttinga på mange månader med venting, lengsel og spenning, og er eit stort stykke kroppsleg arbeid, som krev stor innsats av den fødande og av barnet som skal fødast. Eit samspel og samarbeid mellom den fødande og barnet er avgjerande for at fødselen skal gå normalt og for at kvinna skal sitte att med ei fin oppleving frå fødselen.

Førebuing til fødsel:
Skaffe kunnskap og kjennskap til kva som skjer under ein fødsel

Kom i god form

La de som du skal føde samman med bli kjent med deg, for å gi deg best mogleg støtte og hjelp under fødselsprosessen

Ynskjebrev – ønsker, behov og tankar under fødselen - viktig

Være open for at fødselen kan bli ansleis enn ein førestiller seg.


Sjukehusbagen:
Helsekortet ditt

Blodtypesvar (Rhesus prøvesvar)

Ultralydbeskrivinga

Andre prøver/undersøkingar

Andre papirer (rundt dette eller tidligare svangerskap/fødslar)

Faste medisinar

Morgonkåpe

Innesko (til å ha ved timene på føden + 2 døgn på barsel)

T-skjorte

Daffebukse/Gravidbukse

Toalettsaker + shampo m.m. (Håndkle og nattskjorte får ein)

Undertøy

Amme bh

Musikk/mp3

Ønskjebrev

Telefon, video/fotoapparat og penger

Barnet:

Bleie og klede til å reise heim med

Bilstol


Forskjell på Storken og Føden
Storken

Fødes de som er friske

De har badekar, kan føde i vann

Det gis akupunktur

Roligere og meir lystigare stemning

Føden

Fødes de som er friske og de som har meir eller mindre komplikasjonar

De med høgt blodtrykk, diabetes, farge på vatnet og evt andre problemer skal føde her.

Om ein er 12 dagar over termin eller før 37 veker

De har badekar, akupunktur, epidural.

Ingen vannfødsler skjer her, men ein kan sitte i badekar


KK og besøkstid:
Innleggelsestelefon: 55 29 97 65

Meld frå om at fødselen er i gang og at du er på veg mot klinikken

Fedre 17:00-20:00

Andre/familiemedlemmer19:00-20:00

Elles kan dere være saman på dagstuen utanfor disse tidene.

Det må regnes med 2 døgn på KK + eit evt forlenga døgn om det er komplikasjonar rundt barnet, hard fødsel m.m.

Ein skal max gå 12 dagar over termin


Teikn på at fødselen er i gang:
Slimpropp - kjem ca 1 veke til nokre dagar før rier og fødsel kjem i gang.

Rier – smertefull samantrekningar av livmora som kjem oftare enn kvart 10 minutt. Smertene kjennes i korsryggen. (sterke menstrasjonssmerter). Kynnere og rier er mykje likt, der kynnere er minirier som ein kan ha i heile svangerskapet der livmorstappen er lukket. Ved rier åpnar livmora seg og gjer seg klar for at barnet skal ut.

Magesmerter – akutte magesmerter – kontakt kvinneklinikken med ein gang

Avgang av fostervatn – fostervatne byrjar å renne ut, er eit teikn på at fødselen er i gang. Kontakt KK. Ved vannavgang kan barnet ligge eit døgn utan vatn inni livmora. (vannmengde 1/2 liter til 2 liter vanlig). Ved farge på vatnet ring/reis opp på KK med det same

Blødning – kan være eit anna teikn på at fødselen er i gang


Usikker rundt barnets tilstand:
Barnet roligare enn normalt – ta kontakt med lege, jordmor eller KK.

Forverra tilstand og symptom – kontakt KK eller lege.

Utrygg, usikker og engstelig – ring KK (snakk med jordmor på innleggingstelefonen)


Når og kortid skal vi reise til KK?
Fødselen kjem i gang når vatne går, riene kjem eller evt. blødning kjem (i få tilfelle)

Ring KK på tlf: 55 29 97 65 for å forklare situasjonen du er i (prosessen) kor tette rier ein har, smertene, om ein er utrygg/trygg m.m. for å kartlegge situasjonen og fødselsframgangen din.

Smertestillande: ein kan ta paracet ved smertlindring – men dette ved avtale med jordmor på KK.

Bruk kroppen og pust rolig og bedagelig (ikkje stress)

Mannen: gi kvinna massasje om ønskelig i korsryggen, legg varme på ryggen (varmeflaske, varmt handkle m.m.) Pust ilag, snakk saman, beroliggjør ho og stemninga rundt m.m.

Kontakt med KK skal ein heile tida ha via tlf, men når du nermar deg 5 min rie tid til neste rie kjem som varer oppimot 30-40 min i strekk per rie, er det på tide å reise til KK.

Ring KK alltid før ein kjem.

Parker ved KK parkeringen og gå inn til hovudinngangen og registrer deg i resepsjonen.


På KK
Møter jordmor

Ansvaret for fødselen, der hennar oppgåve er å hjelpe meg og overvåke lille nurket inni magen.

undersøkt kor langt fødselen ser ut til å være i gang (underlivsundersøkelse)

Mors mage og barnets leie i magen, kor stort barnet er og kontrollerer riene.

Fosterlyden

Fostervatne blir inspisert

Blodtrykket

Urinprøve

Puls og temperatur

Evt tømming av tarmen Tunge

Eventuelle undersøkelsar kan være ultralyd, røntgen og blodprøvar

Til Fødestue: Du blir tatt med til fødestue eller evt ventestue (dette er i sjeldne tilfeller). Er fødselen ikkje godt nok i gang, kan ein bli sendt heim igjen.

Under fødselsjobbinga kan ein ha CTG – sparketest og hjertelyd tilkobla for å sjekke barnets miljø. Hjertelyden skal ligge på rundt 110 til 150. Ved rie kan hjertelyden gå frå 110 og opp til 140.

Smertelindring ved fødsel - Hardt arbeid og eit slit for kroppen. Den fysiske smerta kjem som resultat av at livmora, som er ein stor muskel, trekkjer seg saman, livmormunnen opnar seg og barnet passerer gjennom fødselskanalen og frigjer seg.

Mat og drikke er viktig

Berøring og massasje

Pust – trekk djupt og pust djupt ut

Dusj og bad – avslappande og smertelindrande effekt. Både stress, redsel og uro kan minske

Bevegelse og kvile

Varme og kulde – omslag som lindrer fødselssmertene

Akupunktur – smertelindring som gir god avslapping ulike stader og distraherer bort smertene

Steriltcasspapler – effektivt ved ryggsmerter

Lystgass – finst ikkje på KK

Lokalbedøvning – ved eksempel sying etter fødsel

Smertestillande sprøyter – (Pethidin) lite smertestillande effekt. Biverknadar = sløvhet, rusfølelse, og påverkar barnets tilstand.

Pudendalblokade – smertelindring rundt fødselsopninga – gir evt nedsatt følelse i beina og ved trykk ved riene.

Epiduralbedøvelse – bedøving i ryggsøyla.

10 cm opning: Når livmorstappen er på 10 cm opning, kan ein presse/trykke barnet ut. Ikkje før.

Fødselen herfrå kan vare frå minutter til oppimot 1 time med trykkrier. Har ein fått epudural skal ein max trykke i fem kvarter.

Rift – sys av jordmor etter fødsel.


FØDSELSPROSESSEN
Mormunnen eller opninga vil trekke seg til side så forsteret kan passere ned i kjeden. Mens mormunnen opnar seg presses barnet meir og meir ned i fødselskanalen. Når mormunnen er trekt heilt til sides kan fosteret passere heilt og fødes. Fosteret utfører sjølv sie rørsler og rotasjonar under fødselen for å kunne passere gjennom bekkenet. Fødselsprosessen inneheld: opningsfasen, utdrivingsfasen og etterbyrdsfasen.

Opningsfasen:
Riene kjem regelmessig - 10 min mellomrom

mormunnen tek til å opne seg.

3-5 cm opning

Riene kjem oftare, sterkare og blir meir effektive

Smertefulle rier - kommer ned i eit par minutts mellomrom og varer ca 1 min for kvar gang.

Veksl mellom aktiitet og kvile – for fosterets rotasjon og bevegelse gjennom bekkenet.

Drikk og et lett måltid – fødselen treng energi


Utdrivingsfasen:
Mormunnen er heilt open – fosteret komt heilt ned i bekkenet (trykker mot musklar, nerver og endetarm)

Trykktrang…

Når barnet sitt hovud og kropp fødast er sammarbeid mellom mor og jordmor viktig.


Etterbyrdsfasen:
Barnet skal ligge på brystet til mor når barnet kjem ut. (nyt stunden og øyeblikket)

Nyt tida samman

Jordmora gjer det som trengs med barnet

Far får klippe navlestrengen

Morkaka kjem ut 5-10 minutter etter fødsel til 1 time etter. Morkaka og fosterhinne fødast derfor når den er løyst frå livmorsveggen

Jordmor kontrollerer livmor og kor mykje det blør

Undersøkelse av mor for å se etter evt. Rifter – syast ved bedøvelse.

Mor kan få dusje etter kvart

Mat blir servert Smil

Vurderer dere å dra hjem 4 timar til eit døgn etter fødsel, kan dere få jordmor på hjemmebesøk – kommer ann på tilbudet på sjukehuset. (spør evt om dette er aktuelt)


BARNET KJEM HEIM
Mat: Barnet skal leggast til brystet når barnet gir tegn til å ville suge. Barn som er urolige og ikkje roer seg ved brystet, verkar slapp og suger lite (søv 4-5 timar mellom kvar amming) - kontakt KK.

Miljøet rundt barnet skal være i normal temperatur

Soveromstemperatur: 15-16 grader og ikkje ligge i trekk

Barnet skal sove på rygg

Barnets tilstand:

Barnets temperatur ligger på 36,8 37,5. Ta temperaturen i endetarmen for optimal måling.

Rens barnets navle 1 gang i døgnet

Dere kan bade barnet så mykje dere vil – dere bestemmer (ingen begrensning)

Barnet sjukt - barnet går til mors fastlege. Kontroller hos fastlege er ved 6 vekers kontroll og 6 mnd kontroll utanom helsestasjonskontrollene.

Gulsott – barn med gulsott treng lysbehandling (sjå på det kvite i auga, om barnet er slapt og evt ikkje vil suge) – kontakt KK for veiledning - tlf: 41 49 90 42

Andre sjukdommar – vær oppmerksom på barn som ikkje tar i seg mat, brekker seg mukje, verkar slapp, pustar fort eller er anstrengt, har blålig farge i huda eller andre symptom som bekymrer dykk – kontakt barneklinikken kveldspoliklinikk på tlf: 55 97 51 80

Heimebesøk får ein av helsesøster mellom 7 til 10 dagar etter fødsel.

Time på KK: Ein får time på KK etter 4 til 5 dagen etter fødsel der barnet veies, blodprøve tas og barnet blir sjekka.

Barselsgruppe kan ein være med frå 2 til 4 veker gammal (snakker om gjennomgang av fødsel)


Plager etter fødsel:
Magesmerter

Stingsmerte som er ømme og vonde – svie i rift i fremste kjønnslippe (lunka vatn som renner saman ved tissing kan hjelpe på dette)

Blødningar – 3 til 4 dagar opptil 10 dagar blødning heilt normalt. Kan også vare i 6 veker. Har ein feber og magesmerter ved unormal blødning kontakt KK. Lukter blødninga kan det også være infeksjon. – tlf: 41 49 90 42

Livmorsamantrekning - smerte

Psykiske og hormonelle opp og nedturar

Fødselsdepresjon - kan du kontakte jordmora som du gikk til i svangerskapet Smil

Aktuelle tlf.nr:

Barselpoliklinikk – 55 97 41 84 (8:30-15:00)

Ammepoliklinikk – 55 97 41 88 (man-tors: 15:00-16:00)


BARSELINFORMASJON
Barseltelefon: 41 49 90 42

Nysing

Nyfødte nys mykje for å reinse opp i naseopningar

Auga

Auga kan være seige og klissete eller tårefylte kort tid etter fødselen. Vask med kokt vatn eller augebadevatn ev. vatn med ei saltoppløysing på 0,9 %. Tørk utanfrå og inn mot augekroken med ein bomullsdott. Dersom auga renn, må det takast bakterieprøve (Treng evt augedropar) Helsestasjonen eller fastlegen din kan ta bakterieprøve og avgjere dette.

Øyra

Tørk alltid bare den ytre delen av øyre

Trøske

soppinfeksjon, som ser ut som eit kvitt belegg på tunge til barnet og/eller innsida av kinna. – få evt resept hos fastlege

Raping

La barnet rape etter amming/mat

Hikking

Normalt hos de små. Varme føter og eventuelt ein liten sup brystmelk, kan hjelpe.

Navlen

Hold navlestumpen tørr og ren

Fell av etter ca 3-10 dagar

Urin og avføring

Første avføringa er grønsvart og kallast gjerne barnebek. Den er seig og har ingen lukt (fordi ingen bakterieproduksjon er starta).

Råmelk innabords – ”urolig mage” i starten. Avføring frå grønnsvart til brun.

Melkeproduksjonen godt i gang – sennepsgul avføring

Urin - Gode og våte bleier er godt teikn

Små underliv

JENTER – Vask underlivet fram-i-frå og bak-til.

GUTAR – Forhuda skal ikkje trekkast tilbake.

Negler

Neglene rivast varsamt (ikkje klippast) når du ser at dei flisast litt opp.

Vær merksam på at nyfødde barn oftast ikkje har frie neglerender, det er hud heilt fram. Sjå på baksida av neglene om det er råd å rive neglene varsamt av.

Blå hender og føter

Grunna dårlig blodsirkulasjon de første dagane

Varme sokkar og meir klede hjelp.

Dersom vi skal vurdere om barnet er for varmt, kjenner vi dette best i nakken. Eit barn som er for varmt, er ofte raudt i ansiktet og irritabelt.


VANLEG OG UFARLEG
Gulsott:

stor nedbryting av overflødige raude blodseller (frå fosterlivet). Etter som levra er litt umoden klarer ikkje den å bryte ned alt den skal, og fargestoffet bilirubin gir denne gule fargen.

Noen barn kan i samband med denne gulsotta bli trøytte og slappe.

Lysbehandling

Milier

små kvite prikkar i ansiktet, særleg på nasen.

Går vekk etter nokre veker

Spedbarnsutslett

små, rosa flekkar eller litt større parti, særleg på hals, bryst og underarmar. Ofte kan ein sjå ein liten kvit, hard prikk midt inne i flekken.

Årsak – hormonell påverknad frå mora

Varmeutslett

Små raude nuppar

Kommer av at barnet har det for varmt

Går vekk ved avkjøling

”Heksemjølk”

Opphovna bryst hos barnet - ømmhet

Hormonpåverknadar frå mor

Borte - nokre dagar etter fødsel

”Storkebitt”

Raudt merke på augelokka, i panna eller i nakken
.
Minskar under første leveår

Posta torsdag 2. februar 2012 21:42:
108
Susern Susann altså hadde følgjande kommentar:
Et lite tips å evt ha med i bagen til KK:
Om du har noen redsler, allergier, fobier o.l. legg ved et brev i lommen med helsekortet.
I mitt tilfelle var/er det fryktelig angst for veneflon (venekateter - i armen), og jeg skrev derfor et notat om det og eventuelle konsekvenser det ville få om de skulle komme til å ville/måtte sette det på meg Blunk
MAO, visste de at jeg ikke kunne få epidural eller annet smertelindrende intravenøst med mindre det var ytterst livsviktig. Ergo ble jeg (og de ansatte) spart for spørsmål og svar under fødselen Blunk
konsekvensen av å "tvinge" på meg en veneflon er nemlig at den som setter den (forsøker i allefall) får en midt i trynet Blunk Gisp
MASSE LYKKE TIL SNUPPA!!!
Posta onsdag 1. februar 2012 22:50:
107
Anne Ingeborg hadde følgjande kommentar:
Slik e da når da går fort i svingane, og lese og skrive sekretæren min e meir opptatt av å få til fine TV-en sin på veggen i stova enn å blogge Smil Men good at du såg feilen, for da e ein stor feil, som kan ende tragisk om så nokon hadde tatt rådet. Imponert over at du har orka å lest all denne teorien, siden du kan da meste Smil

Kjekk informasjon å ha med seg på veien vertfall for våras del. Fikk også ei bok frå ei mor og to kids i barnehagen idag om "det å bli mamma for første gang" idag. Så kjekt å få slike bøker, om ein står fast i noko og gode råd å ta med seg på veien tilgjengeleg.
Posta onsdag 1. februar 2012 11:24:
106
Bjarte hadde følgjande kommentar:
Eg har fiksa no Smil
Posta onsdag 1. februar 2012 00:29:
104
Farmor :) hadde følgjande kommentar:
Eit langt og godt informativt innlegg.

OBS! Trur du har skrive eit "ikkje" for mykje i eine rådet ditt, om sovestilling...

BARNET SKAL IKKJE SOVE I MAGELEIE, men SKAL ligge på ryggen!

"Denne side opp"- kampanjen!
Posta tysdag 31. januar 2012 23:46:
103
Valkyrje hadde følgjande kommentar:
Hehe, ja, er nok vanskeleg å unngå slikt til sist.
Posta tysdag 31. januar 2012 20:52:
102
Anne Ingeborg hadde følgjande kommentar:
Hehe ja det e ikkje akkurat ein lettvindt sak som kjem ut frå kroppen og måten de skal ut på Smil Byrjar plutselig å få masse synlige strekkmerke no de siste dagane.....grøss. Eg som trudde eg slapp altfor mykje slikt. Ein må lide for "skjønnheten" til slutt.
Posta tysdag 31. januar 2012 20:41:
101
Valkyrje hadde følgjande kommentar:
Mykje informasjon å ta inn.
Lukke til! Smil
[opp til toppen]
Legge til kommentar:

Namn:


Namnet på Noregs konge (med stor H):


Kommentar: