Rolland
Posta tysdag 20. desember 2011 klokka 18:39:
Ammekurs 6. desember
Ammekurs, kva er eigentleg det? Det var det mange som lurte på og svaret mitt er like blankt no og. Men tilbodet frå jordmor var vertfall tilstade for oss førstegangsfødande Smil Spørsmåla var mange frå mi og andre si side. Kva er dette? Eg undra over kva gjer ein verkeleg på eit ammekurs 3 mnd før termin? Ein kan jo ikkje lære dette bare gjennom teori? At det skulle være ei gruppe med bare mødre som fikk lov å være med på dette kurset (utan våre stolte, kommande fedre) gjorde jo meg bare meir nyfiken. Skal me snakka saman? Jammen, ingen av oss har jo erfaring? Eller skal det gå så langt at vi skal flekke fram brystene og gjør ”øvingar” ut over da? Jajaja, dette florerte rundt i tankane mine fram mot dette kurset Smil Spanande ville det bli uansett og lærdom rikare får ein jo som oftast med kurs Smil Gratis var det og ein rettighet ein får gjennom jordmortilbod Smil

Tysdag 6. desember var dagen da eg var på dette 2 timars kurset. 7 mødre i førebels lik alder som meg ++ møtte opp, med uviss i blikket og var spente på kva de to timane ville gi oss Smil Då vi kom inn snakka ho jordmora som hadde kurset om kva vi skulle gjøre og vi presenterte oss for kvarandre. Først på tapetet snakka vi som kommande mødrer om de positive og negative sidene med amming:

Det positive var blant anna:
Relasjonsskapande

Beste næringa du gir barnet

Godt immunforsvar

Hudkontakt

Lettvindt løysning

Brystskjold

Ammehjelpen er der for deg

Pengesparande

Rein mat som er tilpassa barnet med rett temperatur


De negative sidene var blant anna:
Avhengig av mor

Støytande i offentlege rom

Det å slite/mislykkes

Blir sår

Ein kan få brystbetennelse

Lekkasje kjent problem Smil

Vanskeleg for barn å ete ved tetthet – om barnet i så ung alder er forkjøla (noko dei helst ikkje skal verta som nyfødt vertfall)

Ammepress

Meir kos enn mat

Får barnet nok mat ved amming?


Saman med jordmor gikk vi igjennom punkta våre saman med henne og snakka rundt kvart punkt, problema, det positive og eventuelt kva vi kunne gjøre med enkelte av temaa Smil Etterpå snakka vi litt generelt rundt amming, tida etter fødsel og mating av barnet. Her er nokre av stikkorda eg skreiv ned under kurset Smil

Morsmelk som er pumpa: - Enkel og grei 3 tals regel Smil
Kan stå 3 timar i romtemperatur

Kan stå 3 dagar i kjøleskap

Kan stå 3 månader i frysen

Varmast opp i romtemperatur eller i vatnbad Smil

Første tida etter fødsel – gi morsmelk i beger, teskei eller på sprøyte frå apoteket (om ikkje amminga er etablert)

Ikkje begynn med flaske før etableringa av amminga er tilstade.


Amming:
Viktig at barnet suger godt på heile brystvorta med godt gap – om ikkje kan dette medføre såre bryster

Ved å stryke, knipe og sirkulere rundt brystet ved å knipe ut litt av mjølka, klargjer ein brystet for amming, før ein legger barnet til Smil

Hold brystet varmt

”Lecithin” for tette mjølkegangar (kapslar) – fåas på helsekostbutikkar.

Havregraut er bra for amminga

Mjølkeknutar i brystet – Dusj i varmt vatn og masser ut mjølk.

Bruk forskjellige stillingar ein likar ved amming

Brystskjold er negativt i den forstand om ein absolutt ikkje må bruke dette Smil (er noko ein brukar ved amming mor såre ømme brystknoppar)

Brystknoppebeskyttar kan ein bruke etter amming om ein ynskjer det.

Med tanke på brystbetennelse er det viktig å ha god hygiene, tøm brystet eksempel ved at barnet suger mjølka ut og bruk eventuet paracet Smil Har ein feber gå til legevakta.

Brystoppsamlar – noko ein kan skaffe seg ved lekkasje som ein har på seg inntil brystet i BH-en, som samlar opp mjølkelekkasjar.


Barnets måltider:
Ca 8-10 gangar i døgnet maks

Amming kvar 3-4 time

Barnet skal ha minimum 6 måltider i døgnet.


Vekt:
Barnet skal legge på seg rundt 150-200 gram i veka


Korleis merkar ein vektauking eller at barnet har fått i seg mat:
Sjå på barnet

Våte bleier 3-4 stykk dagleg

Barnet treng ikkje å ha bæsja meir enn 1 gang i veka dei første vekene (bæsj er ingen symptom på at barnet har fått i seg mat, så lenge det har våte tissebleier)

10 % av barns eigenvekt skal ikkje barnet går ned – da er det tid for bekymring.


Kva kan vi ete under amminga:
Hold deg unna det som du veit du får mykje luft i magen av sjølv.

Elles spis det normale Smil


Dette er jo ei kjekk liste å ha med seg vidare i den kommande prosessen etter fødsel og det er alltid spanande å sjå kor interessert barnet er i å bli amma av si mor Smil Resten av timen gjekk vi igjennom brystpumper og snakka om amming rundt ein stressballpupp som jordmora hadde Tunge Jaja vertfall ein nyttig og lærerik ting slike stressballerpupper blir brukt til, om ikkje for gøy Smil
Posta tysdag 20. desember 2011 22:03:
87
Farmor hadde følgjande kommentar:
Fantastisk Smil så flott at de som førstegongsmødre får eit slikt gratiskurs, med så mykje nyttig info.

Som du sjøl skrive, nyttig liste som du kan ta fram etter fødselen.
God klem frå farmor, som glede seg til å få besøk om to dagar Smil
[opp til toppen]
Legge til kommentar:

Namn:


Namnet på Noregs konge (med stor H):


Kommentar: